Bloggarkiv

mandag 24. oktober 2016

Oppgåve 7 Fagformidling Del 2

Fagformidling

I del 2 av Oppgåve 7 skal me presentere ei av del oppgåvene som me har gjennomført dette semesteret.

Presten i Seljord

Me er mange her i denne verda... like, men og ulike på mange vis. Me har våre særmerke når det gjeld kroppsspråk, ytringer, klesstil med meir. Eg har alltid likt fotografi som handler om menneskje fordi eg finn det spennande. Eg brukar god tid på korleis fotografiet "snakkar" til ein, og prøver å dekode eller tolke, alt etter kva virkemiddel fotografen har tatt i bruk. Nokre gonger forstår eg ikkje og må bruke tid, som eigentleg er mest spennande. Ein syns alltid finne noko nytt i slike bilde.

Portrett i Miljø er ei av fleire oppgåver me har hatt dette semesteret. Oppgåva går ut på å fotografere ein person i sitt miljø. Me skal levere tri bilde der me skal rangere innleverte bilde frå ein til tri, alt etter kva me meiner er det beste fotografiet. Det skal og grunngjevast kvifor me vel det beste.
Oppgåva dreier seg seg ikkje berre om å ta tri bilde, men og å forstå korleis ein les eit bilde og ikkje minst forstå det. Virkemiddel som vert brukt i miljøet er viktig. Det kan dreie seg om rommet, gjenstander som forsterker bodskapet, lys, blikkretning, perspektiv og utsnitt. Symboler og ikoner brukast i formidling av visuelle uttrykk ser ein ofte.

Når eg portretterer, likar eg å besøke personer fleire ganger, prate og lytte på det som vert fortalt. Nye ting dukkar opp. Denne familien på tri søsken og hunden deira, besøkte eg ofte. Ingen av dei lever no, men eg har mange opplevingar gode historier og ikkje minst bilde frå mine gjentatte besøk. Under ser du ein av brødrane, ei syster og bikkja som var lenka til peisen i stova.





Til Portrett i Miljø oppgåva valte eg å spørje ein person som eg ikkje har mykje kontakt med, nemleg presten i Seljord. Eg synes det alltid er interessant å bli kjent med nye personer, snakke med dei i forkant slik at eg kan danne meg eit "bilde" av personen. Å få eit inntrykk av miljøet er og minst like viktig i denne oppgåva. Derfor fann eg det derfor lurt å avtale eit møte heime hjå han på prestegarden.
Etter ein prat viste presten Dag Halvor meg ulike rom i det staslige bygget. Eg tok nokre skisse bilde og fann fort location for mine komande opptak. Når eg såg plassering av vindauge i rommet låg i sør spurde eg når tid på døgnet lyset var sterkast i rommet og bestemte dermed tidspunkt for fotograferinga. Til serien ville eg bruke det naturlege lyset som fanns i rommet og viste derfor at eg måtte bruke stativ og reflektor for å oppnå gode skarpe bilde.





















































Det fyrste bilde i rekka er bilde eg likar best. Ikkje berre at miljøet altså rommet er bra, men måten eg har plassert Dag Halvor på i rommet. Portrettet er tatt i presten Landstad sitt arbeidsrom. Me ser og eit måleri av ein ung Magnus Brostrup Landstad som saman med sin kone ser bort på dagens prest. Lyset som kjem inn frå venstre kant er med på å fange ansiktet til Dag Halvor. Det å sjå mot venstre er eit virkemiddel på fortid og kanskje er det nettopp det presten tenkjer på. Eg brukar reflektor for å fange opp nok lys slik at høgre sida ikkje gror igjen. Forutan bibelen som han klemmer inntil seg, synes eg det var viktig å få med anhenget som han ber kring halsen. Han knepper opp skjorta slik at krusifikset skal synast. Eg passa på at dette symbolet kom med i alle bilda eg tok av han.
Bilde to og tri er greie men det manglar element som gjer til at dei når opp mot det fyrste. Bilde to kunne eg godt ha hatt auge kontakt med Dag Halvor all den tid han ikkje les i bibelen. Brillene hans ligg på bordet, og i det tredje bilde kunne det godt ha vore ei " Eva " med. Det var mest for å få litt variasjon, men bilde nådde ikkje heilt opp.


For meir informasjon kan dykk sjå på desse lenker:


Oppgåve 7 Fagformidling Del I


Oppgåve 7

Formidling via blogg er ei deloppgåve i Digital Mediedesign. I denne oppgåva skal me vise korleis ein ved hjelp av Photoshop CC  kan jobbe med masker for å oppnå eit nytt fotografisk uttrykk.

Portrettet av denne jenta skal eg sett inn i ein ny bakgrunn og derved skape eit nytt uttrykk.





Etter å ha redigert mitt bilde av skyer i Lightroom opnar eg det opp i Photoshop. Så opnar eg opp bilde av jenta i Photoshop. For å lage ei maske for å fjerne bakgrunn brukar eg verktøyet lasso tool
                                                   


og teiknar eit grovt omriss, held meg innanfor skuldrar og hår. Deretter trykker eg på selekt and mask og får opp eit nytt dialogboks der ein i venstre kant får opp disse "brushes" og i høgre kant får opp visning alternativ der ein skal arbeide med.

   

Ved bruk av den øverste penselen, måler ein inn håret til jenta utan å få med bakgrunnen. Etter ein "ser" ved hjelp av Transparency slideren at ein får med seg alt, kan ein bruke den andre penselen til å fylle inn der det har blitt gjenomsiktig. Resultatet blir tilslutt slik




Detter drar ein bilde opp på valgt bakgrunnsbilde utan å sleppe bilde for så å dra ned igjen.



Hold skift nede og skaler til ynskja storleik.



Det ferdige bilde.