Bloggarkiv

torsdag 5. november 2015

Kua tar ein pust... og ein Kvikk Lunsj

Kva skal til for at me, turgåarar over alle turgåarar, skal orke å kome ut av godstolen og tråkke over dørstokken. Jau det må vera at... på eit eller anna tidspunkt fiklar me ned i ein sekk eller rompetaske og tryllar fram ein Kvik Lunsj.

Ei reklameanalyse av Kenneth Bø






Reklame skal ha eit mål, sikte mot ei bestemd (smal eller vid) målgruppe og tilslutt ha eit klart og tydeleg bodskap. Dette er tri faktorar som eit kvart reklamebyrå tar på alvor. I tett samarbeid og sikkert utallige møter med kunden vert det lagt fram ei skisse som vert tilslutt eit ferdig resultat. 

I denne reklamen ser ein at kunden, Freia får fram mange symbol, fargar, og element som   Kvikk Lunsj står for. Ein kan nemne i fleng;
  • Kvikk Lunsj er eit produkt av kua som produserar mjølk. 
  • Rein, norsk, uberørt natur. 
  • Gleden ved å oppleve naturen, rasten, kvil. 
  • Bøyge seg ned for å hente frisk vatn, først til tørsten og så kaffi, som me sjølvsagt nyter i lag med Kvikk Lunsj.

Ein kan fundere på kvifor sjokoladen har blitt så stor. Tja... kanskje det er fordi turen er lang så den skal vare lenge? Er det fordi det er praktisk med bare ein sjokolade i staden for å dra med seg mange små? Eller er det fordi Kvikk Lunsj er så godt at et så lenge det er noko igjen.

Å analysere krev kunnskap i å kunne tolke, både denotativt og konnotativt. Eg har sett på rekalmen, plukka den frå kvarandre og notert ned kva alle kan vera einge om og kva for følelsar reklamen set i sving hjå meg. Eg ser vidare på bruken av symboler, val av fargar både i bilde og tekst og ikkje minst korleis reklamen er komponert av dei enkelte element i bilde flata. 

Det geniale med Kvikk Lunsj er  at Kvikk Lunsj er tursjokoladen for både liten og stor.