Bloggarkiv

mandag 28. mars 2016

Film Noir

Innleiing

Idag har eg tenkt å skrive litt om oppgåva Film Noir. Sjangeren er velkjent og virkemidla likeså.
Sjangeren har direkte tilknytting frå tysk ekspresjonisme.  Mange film skaparar kom nettop frå Tyskland då dei flykta frå den politiske situasjonen på 30 tallet.
Det finns mange referanser som kjenneteiknar film noir som til døme kontrasten mellom lys og skygge. Filmer produsert på 40 tallet i USA er sjølvsagt i svart kvitt, men nyare versjoner ser ein at det og vert brukt fargar. Historiane er mørke, gjerne kriminelle handlinger. Hovedpersonen er gjerne ein privat etterforsker eller ei femme fatale som lurer menn. Filmens stemning vert satt av lys/skygge kontraster og bruk av eksisterande lyskjelder.
Det er alt for mange klassikere til å kunne peke ut den beste, men filmer som Malteser Falken  1941, The Postman Always rings Twice 1946 er typiske filmer i dene sjangeren.

På bakgrunn av forelesingar fekk me oppgåve å produsere ein film innanfor denne sjangeren.

Sally Kills for Thrills... and Money

Opnings sequence















Pitch
Sangerinnen Sally "femme fatale" får ideen å om drepe eigaren av The Golden Cock ved å bruke kvinneleg list, for så å arve nattklubben.



Sally















Forarbeids prosessen

Etter å ha jobba lenge med ide'myldring begynte ei historie å ta form. Ut frå tankekartet jobba eg ut eit utkast på manus. Alt her forstod eg  at det kom til å bli "mykje å tenke på" i forhold til innspeling.
For å få kunnskap på korleis eg skulle filme, reiste eg rundt for å sjå på location's og gjorde prøve opptak. På forhand hadde eg bestemt meg for å filme med mitt speilreflekskamera. Eg fekk problem med å stille skarpt med bare bruk av kameraskjermen, men løyste det ved å kjøpe ein optisk søker som forstørra skjermen. Eg gjorde og lydopptak, slik at eg kunne få til eit balansert lydbilde. Eg tok opp ambience for å få til ei naturtro bakgrunns lyd.
Med forarbeid unnagjort begynte eg å jobbe med sjølve gangen i filmarbeidet som eg måtte omarbeide. Eg såg at fyrste utkast ville bli for omfattande i forhold til tid, utstyr og løyse film tekniske problem. Eg bestemte meg for å formidle hendingar utan å måtte ty til effekter som eg ikkje kan noko om. Altså... ingen blod dryppende eller eksplosjoner liknande scener. Med tanke på lys setting blei det brukt ein god del papp for å styre lyset.
Filmen begynner og sluttar på samme stad og skjønte at eg måtte lage meg ein opptaksplan for å lette på arbeidet. Det var svært nyttig for meg ikkje minst med tanke på at eg forstod filmen betre.  Fyrst no "kjende" eg filmen nok til at eg kunne begynne å skrive Voice Over teksten til filmen. Fyrst tenkte eg å bruke engelsk tale, men det var noko som sa at det skulle vera på norsk. Lurte lenge på om eg skulle bruke nynorsk eller bokmål, valte det siste. Å finne ei god stemme er ikkje så lett og jobba ein del med å finne han som skulle lese teksten, MEN så kom eg på at "Sally" sjølv skulle lese.

Handlinga

Handlinga startar ute der me blir introdusert til Sally. Me skjønner at noko har skjedd og tar oss tilbake til sjølve hendingane. Her ser me Sally utfører planen sin med å drepe Jack. Ho har lurt han til å tru at dei skal "leike" men leiken endar med at Jack vert bunden, dynka med bensin og tent på. Jack som trur på sin elskerinne har testamentert alt han eig til Sally som no har blitt ein velhalden dame. Men sjølv om alt har gått etter planen veit ho at det gjenstår mykje arbeid igjen med å lure politi, leger og forsikringsselskap. Likevel ser ho optimistisk på det gjenstående arbeidet. Ho bruker den same taktikken som på Jack, nemleg å spele på "innpakninga" av hennar velforma kropp.

Jack



Flamme scene

Evaluering


Det har vore ein morosam oppgåve og fyrst no skjønnar eg kor mykje arbeid det verkeleg er med å lage film. Når eg hadde redigert og klypt ferdig var eg veldig fornøgd med resultatet. I ettertid ser eg mykje som må rettast på for å bli ein betre film.
Sjølv om eg jobba mykje med lyd så er det einskilde lydklipp som ikkje fungerer. Enten er dei for lågt innlest eller at det konkurrerer med eit anna lydbilde. Voice Over er heller ikkje optimal. Lesaren las teksten med tydeleg mellomrom for kvart avsnitt for å få flyt i teksten. Likevel måtte eg dele tekst og då er ikkje rytmen like god.
Vidare ser eg at eg kunne valt tettare utsnitt for å få betre dramaturgi. Eg kunne og heilt klart vore tøffare i klyppinga. Nokre scener blir for lange, eg hadde formidla det same med eit tettare fortelling. 
Når det er sagt er eg likevel fornøgd med at eg har klart å få til ein samanhengande fortelling i sjangeren Film Noir.