Bloggarkiv

søndag 25. oktober 2015

Korleis ein brukar ein Pen Tool i Adobe Illustrator

Illustrator er eit vektor basert teikneprogram og vil vise korleis ein kan bruke pen tool. Men fyrst må me lage eit dokument. Du kan velje om arbeidsdokumentet skal brukast til skjerm eller trykk. Illustrator vel det korrekte fargesymtemet for deg. Her har eg valgt eit A4 dokument, Illustrator har automatisk sett fargane til CMYK. Mitt dokument ser slik ut.


Arbeidsdokument 



På venstre side ser ein verktøypanelet. Her vel ein verktøy som skal brukast i prosessen. 

    Eg skal bruke Pen tool.

















Å teikna ei kurva linje og lukka form


Når ein ynskjer å teikne linjer eller former bruker ein pen verktøyet. Klikk på ein stad i dokumentet. Bestem neste punkt, klikk, hald inne og dra musa i retninga du ynskjer. Når du dreg ser du at du lagar ei kurve. Du får handtak som du kan bruke til å bestemme forma. Som ein ser av skissa så er det ikkje farge. Du kan velge om du vil ha det eller ikkje.

Ved å klikke, halde inne musa og dra kan du lage ulike former. Her har eg fylt med gult for å vise korleis det ser ut.
Du kan og knekke handtaket for å lage gjentatte buer. 
Klikk eit punkt, klikk neste punkt, dra i handtak og lag bogen. Ikkje slepp musetasten, klikk og alt, hald inne og knekk handtaket. Slepp musetasten, så alt, flytt til neste punkt klikk og lag ny kurve.

Slik kan ein halde på til ei lukkar formen.



Ein kan bestemme kor tjukk strek ein ynskjer, når linja eller formen er markert kan ein velge kor tjukk strek ein ynskjer, farge og gjenomsiktigheit.






 
For å flytte på linje eller form brukar ein svart pil, marker, halde inne og dra dit du ynskjer.
Ynskjer ein å endre på forme må ein skifte til kvit pil. Klikk på ankerpunkt og handtak kjem til syne. klikk, dra og juster linja eller formen. klikkar du inne i formen kjem pluss teikn til syne. klikk og dra vil du endre alle kurvene samstundes.
























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar